Forum

Marked


Dagen i dag

22. september 1866

Slaget ved Curupaity var et av de viktigste slagene under trippelalliansekrigen der Argentina, Brasil og... Les mer ...

Dagen i går

21. september 1860

Slaget ved Palikao


22. september 1866

Slaget ved Curupaity
Slaget ved Curupaity var et av de viktigste slagene under trippelalliansekrigen der Argentina, Brasil og Uruguay kjempet mot Paraguay.

Om morgenen den 22. september 1866 angrep alliansen de befestede paraguayanske skyttergravene ved Curupaity. Paraguayanerene var under kommando av general José E. Díaz. Posisjonen ble holdt av 5 000 menn og 49 kanoner hvorav noen var gjemt utenfor angriperenes synsfelt.

Den brasilianske marinen ga støtteild til de 20 000 angriperene, men måtte holde avstand på grunn av kanonene på fortet i Humaitá, som da ledet til at beskytningen fra skipene ble unøyaktig og hadde mindre innvirkning. Paraguayanerene klarte i tillegg å lokke den brasilianske beskytningen mot en tom skyttergrav mens de paraguayanske troppene befant seg på et annet sted. Omtrent 20 prosent av de 20 000 allierte troppene falt under slaget mens Paraguay tapte mindre enn 100 menn.

21. september 1860


Slaget ved Palikao
Slaget ved Palikao ble utkjempet under den andre opiumskrigen mellom en engelsk-fransk styrke og Qing-dynastiet i Kina. Kineserne mønstret 50 000 mann, mens de vestlige kun hadde 10 000 under våpen. De vestlige styrkene seiret likevel, og kunne nå marsjere inn i Beijing – noe som markerte slutten på Qing-imperiet.


Chat

Offline

Ingen påloggede.

    (Du må være pålogget forumet for å kunne chatte.)


    Uthevet artikkel

      Skyting med flintlåsmuskett

    • Skyting med flintlåsmuskett

      Flintlåsmusketten av infanteristenes hovedvåpen under Napoleonskrigene. Det er mange ulike måter å lade disse muskettene på. Denne artikkelen gir en del nyttige tips om skyting med flintlåsmuskett og rundkule.

    Langrifle-prosjektet

    Kategori: Munnladning
    Publisert: 27. mars 2007 av Øyvind Flatnes.
    Redigert: 18. november 2007.
    Antall visninger: 9274

    Eg har alltid ønska meg ei ekte langrifle i amerikansk stil, og med ekte meiner eg ikkje den typen billige masseproduserte kopiar ein får frå Italia. Ikkje noko vondt sagt om italienske replikaer, eg har fleire av dei sjølve, men det kjennest liksom ikkje heilt rett.

    For ei tid sidan bestemte eg meg for å få laga meg ei slik rifle, og eg valde Steve Bookout frå Toad Hall Rifleshop til å lage den til meg. Han byggjer rifler i familietradisjonen, og eg fekk verkeleg sansen for stilen han bygde i. Børsene hans har og spesielle kjenneteikn, til dømes er bakre delen av låsen av messing og kjennemerket hans er slått inn i messingen. Rifla vert bygd etter mine eigne spesifikasjonar, og vil bli den første Bookout-rifla i Noreg. Den skal ikkje verte eit prydeksemplar pynta med messing både her og der, men først og fremst eit arbeidsjern, av typen jegerar og bønder verkeleg brukte i sørstatane i USA for 200 år sidan. Den kjem til å verte mykje brukt, slik og originalane vart. Den ferdige rifla skal verte ei flintlås Bookout Øst Tennessee-rifle i .50 kaliber, med 42" (106 cm) løp og stokk av lønn frå perioden omkring 1815. Denne sorten børse vert ofte kalla "hog rifle" eller "griserifle", for dei vart ofte brukte til å skyte grisar som rømde frå gardane i låglandet og opp i fjella. Tennessee-riflene er mykje det same som ei Kentucky-rifle, berre at beslag og liknande er av jern og ikkje messing. Eg har på denne sida tenkt å følgje rifla frå "fødselen" av, og til den kjem i bruk i dei vestlandske skogane i aller næraste framtid.

    Opp

    ----------------------------------------

    Dagbok

    27.03.01: Dei siste rapportane frå Iowa går ut på at stokken er grovt utarbeida, og at det til og med er teikn til striper i stokken. Sjå bilete.

    17.04.01: Arbeidet har ikkje starta for fullt, men Bookout har vore ute og samla skrapmetall som skal brukast til blant anna kolbekappe, avtrekkarbøyle og rørken.

    21.04.01: Det som skal bli låsen er no sett saman, og den vil framleis vere upolert til stokken er pussa med sandpapir for siste gong.

    06.05.01: Løpet har no vore på riflebenken og er rifla for hand. Riflestigninga skal verte 1:72", og djupna på riflene blir .012" eller 0.3 mm. Sjå bilete under.

    12.06.01: Ca. 25 % av rifla er no ferdig. Sjå nye bilete nedst på sida.

    17.06.01: Kolbekappa er ferdig smidd. Bilete og filmklipp.

    23.06.01: Låsen ligg no i stokken. No står ladestokken for tur. Eit fint emne er plukka ut til dette.

    26.06.01: Omlag 3/4 kilo ved er fjerna frå stokken, og den byrjar verkeleg å ta form. Låsen er festa med låsebolten til den karakteristiske Bookout-sideplata. Ladestokken er omlag halvferdig.

    28.06.01: Bookout har gitt rifla namnet "Death Wind" eller "Dødsvinden". Måtte det namnet bringe henne lukke i skogen!

    17.07.01: Bookout har returnert frå ferien sin, og arbeidet har starta opp att. Snellertavtrekket blir nå modifisert sidan avtrekket ikkje er laga av meisteren sjølv. Han har og vore og samla jernskrap som skal brukast under smiinga av avtrekkarbøylen. Bilete.

    22.07.01: Rifla er no "sydd saman" med to tangeskruar. Snellertavtrekket er fellt inn i stokken, og skal verke svært bra. Avtrekkaren er ein sterkt modifisert Davis-snellert.

    04.08.01: Stokken har fått seg ein omgang med sandpapiret og har fått si endelege form. Rifla er snart ferdig, det som gjenstår før rifla er "in the white" er: installering av jernet som skal vere på undersida av kolbekappen, bore opp smøreholet i kolben, installere tennhols-lineren, felle inn Bookout-sideplata, setje på fram- og baksikte, smi avtrekkjarbøylen og felle den inn og Dødsvinden vil snart vere oppe og gå!

    13.08.01: Smed Bookout har smidd ferdig avtrekkarbøylen. (Bilete lenger nede på sida). Bøylen vart hamra ut frå eit stålstykke, 3/8 dels tommar i diameter, og eit stålstykke frå ein Opel! Dei to delane vart nagla saman med naglar laga av metall frå ein gamal lampeskjerm. Bilete.

    28.08.01: Bookout har støypt eit flott nasebeslag i såkalla "chevron"-stil. Sjå bileta nedanfor. Stokken har no fått seg ein real omgang med sandpapiret og er olja inn slik at stripene i stokken kjem best mogeleg fram. Bilete.

    10.09.01: Geværet er no sikkerhetstesta. Den vart lada med 200 grains FFg svartkrut og to rundkuler med .010" feittlappar over. Denne ladninga vart skoten utan at det skjedde nokon skade. Låsen har og fått seg "messinghale" og Bookout har stempla sitt merke inn i messingen. Bilete under. Bilete.

    17.09.01: Løpet heng no og rustar i verkstaden til Bookout. Stokken har blitt "stained" dvs. at stripene og figurane i stokken vert "lokka fram" med saltpetersyre og varme. Den har og fått seg nokre lag med kokt linolje og heng no og tørkar. Bilete.

    29.09.01: Dødsvinden er ferdig og klar til å sendast til Noreg. Bilete.

    15.10.01: Låsen kom i postkassen i dag. Den ser bedre ut enn på bileta. Den har ei veldig sterk slagfjør og verkar bedre enn nokon anna lås eg eig. Finishen kunne ikkje vore bedre! Dette ser lovande ut!

    17.10.01: Så var endeleg dagen komen og rifla kom til Noreg! Eg kan seie med ein gong at eg var veldig nøgd. Løpet var akkurat som eg bestillte det. Fint skorne, djupe rifler. Dette er den tyngste og største pipa Bookout nokon gong har laga. Tilpassinga ved/metall var i mine augo perfekt. Eg har ein del replikarifler som er frest ut med datastyrte maskinar, men dei er langt frå så bra som på Dødsvinden. Stokken var fin og slank og det gjorde at den slett ikkje virka så klumpete som ein skulle tru med ei pipe med 1" utvendig diameter. Finishen var det heller ikkje noko å sei på. I det heile teke er eg særs nøgd med rifla. Eg har enno ikkje fått prøve henne, men det skjer i slutten av neste veke. Med dette vert dette kapittelet avslutta og eit nytt kan byrje. No skal rifla skytast inn.

    Opp til menyen

    -------------------------------------

    Bilete frå tilverkinga:

    Emne til stokken.

    Pipa på riflebenken.

    Karakteristisk lang "Beaver-tail"-tange på løpet.

    Ferdig 42" lang .50 kaliber pipe.

    Langrifle-prosjektet Langrifle-prosjektet Langrifle-prosjektet

    På bileta ovanfor ser me Bookout medan han holar ut kanalen som pipa ligg i. Det er noko av det første som blir gjort når ein lagar ei børse.

    Langrifle-prosjektet Langrifle-prosjektet Langrifle-prosjektet

    Dei neste tre bileta syner korleis rørkene, eller dei små pipene som ladestokken ligg i, blir til. Dei blei laga av bitar frå ei gamal jernplate. (Plata med hol i på det andre biletet.)

    Langrifle-prosjektet Langrifle-prosjektet Langrifle-prosjektet

    På det første biletet ser me Siler-flintlåsen som skal monterast på rifla. Den vert laga av Jim Chambers, og vert rekna for å vere verdens beste masseproduserte flintlås. Dei neste fotografia syner ymse delar som heimesmidd kolbekappe, sideplate og ladestokk.

    Langrifle-prosjektet Langrifle-prosjektet Langrifle-prosjektet

    Her ser me mellom anna avtrekkarbøylen som Bookout har smidd av delar frå ein gamal Opel og ein lampeskjerm!. På det tredje biletet kan ein sjå detaljar frå munningen på pipa som og er heimesmidd.

    Langrifle-prosjektet Langrifle-prosjektet

    Ferdig rifle; kolbe med kinnstykke og smørehol.

    Langrifle-prosjektet Langrifle-prosjektet Langrifle-prosjektet Langrifle-prosjektet

    Over kan de sjå korleis eit "chevron"-nasebeslag vert til. Først, vanlig stokk, så vert mønsteret teikna inn på stokken, deretter vert spora skjert ut og til slutt vert flytande tinn blanda ned litt antimon og kopar hellt inn i spora.

    Langrifle-prosjektet Langrifle-prosjektet Langrifle-prosjektet

    Låsen ferdig med "messinghale" og Bookout sitt stempel i messingen. På biletet i midten er låsen rustbrunert. Det tredje biletet viser stokken og løpet som heng i verkstaden til Bookout for høvesvis å tørke og ruste.

    Langrifle-prosjektet Langrifle-prosjektet

    Biletet til venstre viser nokre smådelar etter at bruneringsprosessen omtrent er ferdig, mellom anna: kolbekappe, rørker og Bookout-familien si sideplate. Til høgre er den ferdig monterte og brunerte flintlåsen.

    Langrifle-prosjektet

    Her er det ferdig brunerte løpet. Bruneringa er gjort på gamlemåten. I tennholet er det montert ein tennholsventil frå Jim Chambers kalla "White Lightning Touchole Liner".

    Langrifle-prosjektet Langrifle-prosjektet

    Bookout med den ferdige rifla.

    Opp til menyen

    -------------------------

    Filmklipp

    Master Bookout har sendt meg nokre mpg-filmsnuttar frå smiinga av kolbekappen: (Dei er på 15 sek. kvar og tek nokre minuttar å laste ned.)

    Filmklipp 1

    Filmklipp 2

    Langrifle-prosjektet Langrifle-prosjektet

    Før og etter.

    Opp til menyen

    -------------------------

    Skyting med Dødsvinden

    17.11.01: Første høve eg fekk til å teste rifla. Veret var dårleg med sterk vind og regn, men eg freista lukka likevel. Målte opp FFg krut i ei 12,17x44 hylse, brukte .490" kuler og ein .020" tjukk Ox Yoke-feittlapp. Det aller første skotet på 50 meter traff ein halv tomme frå der eg sikta. Dei to neste samla slett ikkje verst i høve til det første. Etter det tredje skotet gav eg meg, for då var det så mørkt at eg ikkje såg kor mykje fengkrut eg la på fengpanna.

    På trass av det dårlige veret var det null problem med tenninga. Neste gong eg skyt må eg ha ein litt tjukkare feittlapp og litt meir krut. Bilete av blinken under. Eg er ganske viss på at neste gong skal samlinga krympe ganske mykje!

    18.11.01: Bilete av den andre blinken. Avstanden er framleis 50 meter, men denne gongen brukte eg 72 grains med FFFg og .020" amerikansk putetrekk som feittlapp. Den var smurt med 1 del Ballistol våpenolje og 6 delar vatn. Denne gongen tørka eg og av løpet med pussestokken for kvart skot. Det byrjar å likne noko.

    10.12.01: Presisjonen byrjar verkeleg å bli bra. Same ladning og feittlapp som forrige gong, men denne gongen er feittlappen smurd med T/C Bore Butter. Det er viktig å ikkje bruke for mykje av dette feittet, sidan det er så klissete. Sjå bilete av blinken under til høgre.

    17.02.02: Det byrjar å bli ei stund sidan sida vart oppdatert, sidan det har vorte lite tid til skyting i det siste. Under er eit bilete av den beste 100-metersblinken eg har skote liggjande på frihand til no. 8 skot som held seg inni svarten. Ok, resultat, men det skal nok bli betre med tid og stunder. Ladninga er den same som med den fine 50 meter-samlinga ovanfor.

    10.12.02: Etter å ha brukt Dødsvinden i ti månader sidan førre oppdatering har eg funne ut at di større ladning di betre presisjon. Dette var og noko eg håpa på då eg valde 1:72" stigninga. 107 grains FFg var den siste, og førebels beste ladningen eg har prøvd. Eg skaut frå benk med .490" rundkule, .018" feittlapp og som mellomladning nytta eg ei melkekartongskive over krutet og deretter ei smurt filtskive over den igjen. Med harde ladningar har eg merka at det blir for tøft for feittlappen når skotet går av utan noko slags buffer mellom krutet og kula. Løpet i Dødsvinden har vorte mykje betre med tanke på feittlappslitasje etter som fleire hundre skot har passert løpet. I byrjinga var det større tendensar til sundrivne feittlappar dersom eg brukte harde ladningar, men dette er no så godt som borte. Dette kjem av at riflebommane i løpet har vorte meir avrunda ettersom skot etter skot, samt pussing, har vore med å "polert" løpet.

    07.09.04: Dødsvinden fungerer framleis som ho skal. Dette året tok eg ho med til NM i svartkrutskyting på Austlandet i juli og der vart det ein sølvmedalje i klassen Maximilian replika. Denne klassa vert skoten liggjande på 100 meter og ein konkurrerer med andre flintlåsrifler. Poengsummen var ikkje all verden, 79 poeng er etter mi meining ganske dårleg, og eg hadde forventa ein poengsum over 80 poeng. Per Østby vann med 93 poeng som er ny noregsrekord. Eg er likevel nøgd då eg verken brukte moderne skyteklær, dioptersikter eller reim, slik som fleire av dei andre brukte.

    Eg hadde minimalt med tid til trening før meisterskapet. Framsiktet var alt for høgt for skyting på 100 meter så eg måtte bruke mykje tid på å file det ned. Faktisk så var eg ikkje nøgd med siktet før dagen før eg reiste austover. NM-ladninga var som følger:

    • .495” kule
    • Ein dongerilapp av ukjent tjukkleik smurt med ørlite T/C Bore Butter
    • Ein filtpropp hogd ut frå skomakarfilt smurt med Bore Butter.
    • 97 grains 2 F (PP) Wano

    Det høyrest mykje ut med 97 grains krut, men sanninga er at Dødsvinden treng såpass mykje krut, for ho likar ikkje pingleladningar. Eigentleg var ladningen 94 grains men eg auka ladningen med tre grains for å løfte treffpunktet opp dei siste millimeterane opp mot tier-ringen.

    Langrifle-prosjektet Langrifle-prosjektet Langrifle-prosjektet Langrifle-prosjektet

    De første skota til venstre, dei andre i midten, og til høgre ei samling skoten 10.12.01. Haldet er 50 meter. Lengst til høgre ei 8-skots samling skoten liggande på 100 meter

    Langrifle-prosjektet

    Bilete frå standplass på NM. Dødsvinden i framgrunnen og eigaren i passiar med Sverre Kvalø som skaut i minié-klassa med sin Pedersoli Mauser riflemuskett.

    Opp til menyen

    -------------------------